SunnLab AS| Besøksadresse: | Holtemyrane 6 | | Postadresse: | Holtemyrane 6, 6800 Førde | | Telefon: | 57 72 39 50 | | Faks: | 57 72 39 51 | | E-post: | post@sunnlab.no | | Nettsider: | www.sunnlab.no |
|  |
Om SunnLab AS
SunnLab as utfører mikrobiologiske og kjemiske analysar av vatn, mat og miljø.
Vi utfører analysar på oppdrag frå m.a. kommunar, privatpersonar, næringsmiddelverksemder
og Mattilsynet.
Laboratoriet er akkreditert av Norsk Akkreditering for dei fleste analysane vi utfører. Vårt akkrediteringsnummer er TEST 114.
Dersom du har spørsmål med omsyn til kvalitet på drikkevatn eller treng hjelp til å
dokumentere produktkvalitet, ta kontakt med oss. Vi kan også gje råd og rettleiing i samband
med IK-Mat og reinhaldsplanar i verksemder. Dersom du har spørsmål vi ikkje kan svare på
sjølve, vil vi nytte nettverket vårt til å finne svar og hjelpe deg vidare.
Vi held til i leigde lokale på Reset, nokre kilometer frå Førde sentrum på veg mot Bergen.
SunnLab as vart stifta 14. mai 2003 og er eit aksjeselskap der aksjeeigarane er 10 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Frå 1. januar 2004 overtok vi drifta ved laboratoriet til Sunnfjord og ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll.